Av Dag Stranda
Dei siste dagane har eg freista settje saman ei oversikt over barnevernssakar der det har gått heilt skeis, der maktarrogansen og prinsippene råder på bekostning av bornas beste. Å beskrive kvar enkelt sak vil trenge enormt med resursar og plass. Nokre hendingar går att i mange av desse sakene og her fyljer det eg ser gå att.
Å hevde dei feilslåtte sakene er «einskilde høve» er i beste fall eit teiken på at det vantar oversikt, kunnskap og skjølvinsikt, i verste fall blank løgn.
- Det er ofte mange og lange utgreiingar frå fagpersonell om bornas eller foreldras utvikkling eller evner. Dei vurderingane som er til biologiske foreldres fordel vært utelukka, berre dei vurderingar som styrker ei omsorgsovertaking vært med som saksdokument til nemnd og rett. Dokumentasjon veljast med omhu.
- Dersom foreldra ber om gransking av ein uavhengig psykolog eller liknande avslås dette. Det er berre fagpersonell engasjera av barnevernet som skal vektleggjast i saka. Dersom det er fleire fagpersonar inne i saka veljast dei som stør opp om foreldra vekk. Berre negativ omtale bringast til nemnd og rett.
- Mange saker byggjer på «observasjonar» gjorde av tilsette i barnevernet. Desse «observasjonane» er skjeldant dokumentera. Ein skulle tru at en ved observasjon kunne ha eit kroppskamera og på denne måten dokumentere det som står i rapporten. Lause påstandear frå barnevernet vært såleis til «sanninga»
- Barnevernet omtalar ofte biologiske foreldre nedlatande utan å ha grunnlag for dette. «Enkle menenske» kjenner man frå Natasha og Erik saka. «Kropslukt» er ei anna betekning som vært vanskelig å etterprøve, like vanskelig å motsei. Å sei foreldra er uegna då dei ikkje delar barneverents «bekymring» er argumentasjon som best kan samanliknast med «flytetesten» som avgjorde om ei kvinne var heks eller ikkje. Fløyt ho var ho skuldig og brend på bål, fløyt ho ikkje, sokk og drukna var ho uskuldig. Utfallet var det same.
- Det oppererast med to mapper for kvar sak. Ei som kallast «interne notat» og ei som er den offisielle. I «interne notat» har ikkje foreldre eller deira sakførere innsyn. Barnevernet står fritt til å nytte denne mappa, dei slettar også etter eget forgodtbefinnende, skjølv om dette ikkje er lov, om materialet er nytta til å ta ei avgjersle. Denne praksisen med to mapper kjenner me best frå tidligare Aust Tyskland sitt hemmelige politi, STASI
- Det gjerast «barnefaglige vurderingar» av tilsette i barnevernet. Blikkontakt og følsesesmesig tilknyttning er gjenngangare som ikke let seg diskuterast då ingen ting er dokumentra.
- Famelier må ta inn på «fameliesenter» der dei observerast og overvåkast kontinuerlig. Dette er utrygge omgivelser der ein ikkje kan forvente at famelien fungerar optimalt. Famliesentra lagar rutinar og reglar som øydelegg normal døgnryttme og skapar utrygge omgivelsar. Dette tas det ikkje omsyn til i utredinga. Kvifor kan ikkje observasjonar gjerast i heimen og i trygge omgivelsar?
Einkvar forskar vil kunne sei noko om korleis ei utgreining skal gjerast, du studerar ikkje smittefarlige bakteriar i lokala til vann og avløpsvesenets kloakkrenseanlegg. - Det er påfallande kor mange sakar som endar som «akuttvedtak» med hastig omsorgsovertaking i ein periode der foreldra trur dei får hjelp. Dersom barnevernet framskaffer nok negativ omtale medan utgreiinga pågår skuldar dei på «fare» for skjeivutvikkling og gjer hastevedtak. Det er like påfallandes at det framstår som at ein beredskapsfamelie står i beredskap og kan ta over barnet øyeblikkelig.
- Grunna «tidspress» er det lite tid til å vurdere nære famelie eller sjå i nærmiljøet om det er egna fosterforeldre. Det er mi oppfatting at dei felste fosterheimar ligg eit godt stykke unna, helst to timar reise unna. Kan dette skuldast at barnevernet ynskjer minimalt med kontakt mellom born og biologiske foreldre? Bryte banda i størst mogeleg grad?
- Så godt som utan unntak pålegg barnevernet tilsyn under samvær. Det fører til redusert kvalitet på samværa, då det er vanskelig å syne kjensler med framande tilstades. Kan dette skuldast at barneverent ynskjer å bryte ned relasjonane mellom borna og biologiske foreldre? Er dei redd biologiske foreldre skal sei «Eg er glad i deg» til borna? Er barnevernet redd at borna skal få ei anna historie enn den barnevernet og fosterfamelien fortel om biologiske foreldre?
- Dersom barnevernets påstandar motbevisast er det vanskelig å få urette påstandar fjerna. Deresom det er naudsynt endrar barneverenet grunngjeving for å gripe inn. Det er i fleire sakar motbevist ar mor har «lettare psykisk utvikklinghemning». Då finn barnevernet nye nye feil som kan brukast som grunngjeving for omsorgsovertaking. Desse «nye» grunnane er ofte abstrakte, lite målbare grunnar.
Leave a Reply