Barnevern bak lukka dører

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Hovudgrunngjevinga for å halde dørene lukka er at barn skal vernast, forklarer Anita Skippervik og Yngve Nedrebø.
Illustrasjonsfoto: Thomas Johannessen

Kvifor går dei aller fleste barnevernssaker i Noreg for lukka rett, når lova seier at dei skal vere opne? Er det fordi open rett stort sett gir eit anna resultat enn lukka?

(Dag og Tid) I Noreg er det lovfesta at alle rettsmøte i utgangspunktet skal vere offentlege, frå 2014 står det også i Grunnlova. Innsyn skal sikre offentleg kontroll og avmystifisere rettssaker. Men dette hindrar ikkje at så godt som alle barnevernssaker her i la det går for lukka dørar, også om privat part har eit sterkt ønske om open rett. Til overmål er mange av desse sakene dårleg dokumenterte, eller dokumentasjonen er halden unna det offentlege.

Når Noregs Høgsterett nett har hatt oppe tre barnevernssaker til behandling, skjedde det i open rett. Kanskje kan det sende eit signal til alle dei som vil operere i det skjulte. Statsarkivar Yngve Nedrebø og jurist Anita Skippervik har engasjert seg i denne problematikken. Dei har især arbeidd med barnevernssaker og har hjelpt ei rad foreldre i møte med barnevern, politi og rettsvesen. Dette har gitt dei god innsikt i systemet og korleis arbeidet med omsorgsovertaking skjer.

– Hovudgrunngivinga for å halde dørene lukka er at barna skal vernast, forklarar dei to. Det omsynet er det ingen som vil setje seg mot. Men når sjølv privat part ønskjer opne dører – og ikkje får det – må det vere andre «vitale» interesser som krev vern. At desse litt uklare interessene stadig vinn fram, kan vere ein del av forklaringa på at Noreg gong på gong blir felt i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) i Strasbourg i slike saker. For det som skjer bak stengde dører, får sjeldan eit korrigerande blikk på seg. Dei to syner til utvalet Stortinget i 2009 sette ned for å greie ut og lage framlegg til revisjon av Grunnlova for å styrkje stillinga menneskerettane har i norsk rett. Der står det: «Bare gjennom offentlighet kan det oppnås sikkerhet om at den enkelte har fått en rettferdig rettergang slik hun eller han har krav på.»

– Også Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) opnar for at saker om omsorgsovertaking kan gå for lukka rett?

– Ja, men då etter konkret vurdering i kvar einskild sak. Noreg, derimot, har valt ei kollektiv løysing, der barnevernssaker skal vere lukka for innsyn. Vi opplever altså at staten lukkar dørene på eit heilt rettsområde, utan noka vurdering av kva dette har å seie for rettstryggleiken til dei involverte. Interessant nok har fleire norske lukka saker vore førte for open rett i EMD.

LITE KRIMINALITET

Dei som ikkje vil opne dørene, viser gjerne til ein rapport frå FNs barnekomité, som uttrykkjer frykt for at informasjon om barnevernssaker knytte til kriminelle handlingar, seksuelt misbruk eller fysisk eller psykisk mishandling, skal nå ut til ålmenta. Men statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB) syner at berre 5,4 prosent av sakene om omsorgsovertaking dreier seg om noko av dette.

– Kva då med dei 94,6 prosent andre sakene?

– Det veit vi ikkje så mykje om, for her i landet har ein funne å kunne gjere unntak frå dei grunnleggjande prinsippa om openheit og dokumentasjon i ein rettsstat. Likevel veit vi at meir enn 60 prosent av omsorgsovertakingane i Noreg skjer fordi foreldra blir skulda for å ha dårlege foreldreeigenskapar eller fordi foreldra skal ha psykiske problem, helseproblem eller økonomiske problem.

– Det kan vel vere reelt nok?

– Ja, men i iveren etter å få born bort frå foreldra, altså for å «bevise» at foreldra manglar omsorgsevne, har dei mest absurde argument vore nytta.

Skippervik og Nedrebø nemner ein norsk spesialitet som blir kalla «krystallkulesaker». Dette er saker der så å seie alle ser at borna har det trygt og godt heime hos foreldra, men der nokon har sett i krystallkula og er «bekymra» og krev omsorgsovertaking ved å vise til «mogleg framtidig omsorgssvikt». I slike saker finst ingen bevis. Men magekjensla hos ein sakshandsamar eller ei nemnd kan vere nok. Eller kva som er føremålstenleg. Som døme på korleis dette kan ytre seg, legg dei fram ein tekst skriven av ein kommuneadvokat. Slik argumenterte han i ei «krystallkulesak»:

«(…) i denne sak handler det ikke om barnets beste, men om hensiktsmessighet. Hvis barna ikke har tatt skade av sine foreldre, så er det hensiktsmessig å flytte dem. Hvis de derimot er tilknytningsskadet, da har det ingen hensikt å flytte dem fra foreldrene. Men i herværende sak er tilknytningen mellom barn og foreldre, i hvert fall mellom barn og mor så god, at det er hensiktsmessig å flytte barna nå. Grunnet den trygge og gode oppvekst mor har gitt dem, vil det være forholdsvis enkelt å få til en vellykket plassering hos fremmede.»

Fylkesnemnda aksepterte «logikken» hans. Men så nådde «resonnementet» ut i det offentlege, og då sytte tingretten for at borna fekk reise heim att.

Kva det å vere open har å seie, går tydelegast fram av barnevernssaker som har nådd ut til ålmenta, forklarar Skippervik og Nedrebø. Dei viser til at med få unntak har avgjerder i slike saker blitt snudde ved ankebehandling. Kven er det då som treng det løyndomsvernet domstolane så lett gir? Når mange foreldre ber om open rett, heng det tvillaust saman med at dei har sett kva som skjer der openheit rår.

MOGLEGE FØLGJER

Skippervik og Nedrebø syner også til ein forskingsrapport frå Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) om kva som skjer eller kan skje med born etter at andre enn foreldra har fått omsorga for dei: Dei har 27 gonger større risiko for å bli drepne, risikoen for å døy av sinnsliding eller rus er 21,3 gonger høgre og risikoen for sjølvmord er 4,8 gonger så stor. Sjølv om nokre av desse borna kan ha vore skadde før dei blei skilde frå foreldra, er tala så høge at dei burde skremme til den største aktsemd.

– De er også kritiske til korleis barnevernssaker blir dokumenterte?

– Her synest både vilje og evne å vere svært mangelfull i norsk rettsvesen. Tvistelova av 2005 har eit kapittel om «Opptak av partsog vitneforklaringer under hovedforhandling». Her står det klart (pkt. 4): «Partene har samme rett til utlån av opptak som til innsyn i rettens øvrige prosessmateriale», og at opptaka skal arkiverast saman med saka. Men pkt. 2b seier at dette kan fråvikast dersom retten ikkje har tilgjengeleg «nødvendig utstyr for opptak».

15 år etter at lova blei vedteken, er dette situasjonen ved dei fleste domstolar i Kongeriket.

– Men gir ikkje lova høve til private opptak i slike tilfelle?

– I 2015 sa dåverande justisminister Anders Anundsen (Frp): «Når det gjelder muligheten for å gjøre private opptak i retten, før en offentlig ordning kommer på plass, er utgangspunktet at det ikke er noe generelt forbud mot private lydopptak av forhandlingene i sivile saker. Domstolen har imidlertid anledning til å nekte lydopptak hvis det virker forstyrrende på forhandlingene, jf. Domstolloven § 133.»

– Dermed skulle vel alt vere greitt?

– Slett ikkje. Mange framstøytar har vore gjorde, i fleire fylke. Når sjølv ikkje dommaren kjenner lova, blir det ikkje lett. Eit døme frå Sogn og Fjordane tingrett, der opptaksutstyr ikkje fanst, syner korleis situasjonen er. Og same praksis går igjen i andre domstolar og fylkesnemnder. Her var domstolen i utgangspunktet positiv til private opptak, men sette fleire vilkår i direkte motstrid til lova. Ved slutten av kvar rettsdag skulle opptaket leverast retten for oppbevaring. Partane skulle ikkje få høve til å sitje med kopi av opptaket, og retten ville slette opptaket når saka var rettskraftig avgjord. Lova seier at opptak skal arkiverast, og at partane har rett til utlån. Men domstolen nektar utlån, nektar kopi og dei slettar opptak.

DOKUMENTASJON

Som statsarkivar med lang fartstid veit Nedrebø at det som står i norske rettsbøker, ofte er svært lite utfyllande. Difor meiner han at uviljen mot å dokumentere er eit direkte åtak på rettstryggleiken. I strid med lova, men velsigna av domstolar og fylkesnemnder, blir norske borgarar gjennom denne praksisen nekta innsyn i sentrale delar av eiga sak. For all framtid.

Dei to fortel at sletting av dokumentasjon gjeld også før sakene kjem til domstolane. Mykje av det heilt sentrale underlagsmaterialet som nemndene nyttar, som rapportar frå psykologar og sakshandsamarar, blir likeins sletta, sameleis med filmar, testar og journalar. Når partane krev innsyn, er svaret anten at det er sletta eller at dei ikkje kan få det utlevert.

– Den norske arkivlova frå 1992 slår mellom anna fast at materiale «som inneheld rettsleg eller viktig forvaltningsmessig dokumentasjon», skal arkiverast, «slik at desse kan verta tekne vare på og gjorde tilgjengelege for ettertida». Forskrifta til lova seier at grunnlagsmateriale for vedtak skal takast vare på, for berre slik kan ein skjøne grunnlaget for vedtaket. Likevel kan dei som er sette til å forvalte lov og rett her i landet, glatt sjå bort frå dette – utan at det får konsekvensar.

MANGLANDE STATISTIKK

På bakgrunn av alt som blir ulovleg sletta, må ein ikkje bli overraska over at Statistisk sentralbyrå ikkje kan presentere haldbar statistikk frå barnevernet, legg Skippervik og Nedrebø til. Dei fortel at på direkte spørsmål om barnevernets arbeid med tilbakeføring av barn, var svaret frå Seksjon for levekårsstatistikk i SSB: «Dessverre har ikke SSB tall for tilbakeføring selv om vi innhenter opplysningen via det årlige fil-uttrekket fra kommunenes barnevernstjenester. Kvaliteten er så dårlig at vi ikke kan publisere disse tallene.»

– Barnevernsfeltet omset for 30-40 milliardar kroner i året, men kvaliteten på dei dataa dei legg inn i systema sine, er altså for dårlege til at dei kan nyttast til å lage statistikk. Skippervik og Nedrebø peikar på ei løysing på mange av barnevernssakene som dei meiner er betre, langt meir effektiv og framfor alt mykje meir skånsam enn opne rettsmøte: å ta i bruk paragraf 3 i staden for paragraf 4 i barnevernslova. Det inneber å satse på hjelpetiltak framfor tvang. Då Kongsberg barnevern for nokre år sidan snudde opp ned på praksisen sin, reduserte dei talet på tvangsvedtak med 90 prosent i løpet av tre år.

– Dei gjorde mykje meir bruk av familie; slik reduserte dei dramatikken i desse sakene, samstundes som plasseringane var mellombelse. Og dette er kjernen i fleire av dommane mot Noreg i EMD: Alle plasseringar skal i prinsippet vere mellombelse; barnevernet skal frå dag éin arbeide for attendeføring. «

– Sletting av dokumentasjon gjeld også før sakene kjem til domstolane. Statsarkivar Yngve Nedrebø og jurist Anita Skippervik» Hovudgrunngjevinga for å halde dørene lukka er at barn skal vernast, forklarer Anita Skippervik og Yngve Nedrebø. Illustrasjonsfoto: Thomas Johannessen | Jurist Anita Skippervik og statsarkivar Ynge Nedrebø har hjelpt ei rad foreldre i møte med barnevernet.

Kilde: Dag og Tid

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

8 Kommentarer

  1. Disse spørsmålene er kjernen i menneskerettighetene.
    Spesielt rettferdig prosess ved en uavhengig og upartisk domstol og rett til effektiv nasjonal rettsmiddel.
    Fjern disse, og hele menneskerettighetssystemet kollapser, og det som gjenstår er et utstillingsvindu. Akkurat som hvordan det var under stalinismen i Øst-Europa.

  2. Familier må begynne å saksøke dei personane som kidnapper ungene våre. Mange av dei såkalte sakene er rene kidnappingen. En trenger ikke være særlig intelligent for å se det. Saksøk etter straffeloven for frihetsberøvelse. Og sikkert mange flere lover. For eksempel 171 mot politiet, Osv.. Dritt lei av at rettssikkerheten vår blir tatt fra oss. Store lovbrudd i rettsapparatet hver dag som bare blir dysset ned. Politiet er en av dem største grunnene til at barnevernet lykkes i sine kidnappinger. Politiet har undeundersøkelsesplikt før dem hjelper ved en kidnapping. Hvordan stoppe systemet, når systemet jobber sammen for å bryte loven,?.

    • Og hvis straffeprosessene er lukket for tidlig, saksøke staten i Strasbourg for artikkel 13 (rett til effektiv hjemmlig rettsmiddel) med hensyn til artikkel 8 (rett til privat og familieliv)

    • Du har nok for stor tillit til rettsapparatet fremdeles.
         En slik sak taper du, og må betale motpartens (statens etc) utgifter med noen hundre tusen. Det finnes ingen ‘fri rettshjelp’ i en slik sak. (Også fri rettshjelp i barnevernssaker er så beskåret at det er blitt litt av en illusjon, men det er et annet spørsmål.)
         Dertil: Hvis du får saken opp, blir den dysset ned eller vies overhode ikke oppmerksomhet i majoriteten av pressen.
         Dertil: Barnevernet (myndighetene) legger press på deg OG på dine barn. Er barna i myndighetenes makt, vil all slik motstand brukes til å ‘dokumentere’ i barnevernssaken at du er uegnet som forelder, at du ikke klarer å samarbeide med barnevernet. Samvær med barna blir ytterligere skåret ned. Osv osv osv.

         Jeg kjenner én eneste erstatningssak mot barnevernet (kommunen samt fylket) som til slutt gikk bra (i lagmannsretten), men nokså tilfeldigvis og med flere sammenfallende hell som man ikke kunne regne med. Og barna i saken var IKKE blitt tatt av barnevernet; det stilte foreldrene sterkere mht å få troverdighet og respekt. Den forelderen som kjørte saken, tok en stor økonomisk sjanse, og tapte i første omgang (tingretten), skjønt det altså ble gjenopprettet av lagmannsretten.
         Dette er over 20 år siden. Det offentlige, deriblant rettsapparatet, er hardnet til adskillig hardere stål MOT familier siden da.

      • Jeg legger til: Å føre sak med Strasbourg i sikte, slik Jasper sier, har mye mere for seg. Og da må man føre sak i Norge først. Det kan nok gjøres på en smalere, mindre omkostningsdrivende og kvikkere måte enn det er vanlig, men det blir litt for omfattende å redegjøre for her.

           

      • Lurer på hvor mange saker som blir «kjørt» av barnevernet og politiet og fylkesnemnder og tingrettene på samme måte. Jeg tror dem bruker et fast system, som er avtalt spill. Starter med 4.6. Så overkjørt i fylkesnemnda. Så anke til lagmannsretten, men før saken kommer opp så kontrer barnevernet med 4.12. Da detter vistnok 4.6 ut av seg selv. Altså vil det i praksis si at en til da ikke har fått motsi grunnlag for 4.6 i det hele tatt. Altså at barnevernet påstår og en får ikke anledning til å si i mot. Så kommer det ikke fram noe grunnlag, sak videre til lagmannsretten. Sak avvises, fordi tingretten ikke kom fram til grunnlag. Og det støtter lagmannsretten. Sak videre til høyesterett. Dette tar lang tid til nå. Har fortsatt ikke gjort noe galt. Noen som kjenner seg igjen i dette,?. Kort versjon. Alle lovbrudd underveis blir oversett. Dette samarbeidet som vårt korupte rettsapparat gjør, må stoppes. Politiet har ikke hjemmel for å støtte barnevernet når barnevernet påstår. Lovbrudd. Mange lovbrudd. Blir en overrasket om høyesterett avviser saken,?. Nop.. Hvorfor får rettsapparatet i Norge holde på med ulovligheter uten at det blir stoppet,?. Er det, «it», liksom. Strasbourg ja.. merkelig at en må ut av landet for å få stoppet Regjeringens ulovligheter. 4.6 er rett og slett brukt med tvang på en ulovlig måte. Praksis er ikke i nærheten av det som står skrevet i barneloven. Og andre lover. Om ikke rettsapparatet klarer å skille mellom rett å galt, hvorfor har dem disse jobbene da,?. Strasbourg kan, men 4 rettsinstanser i Norge kan ikke,?. Da ringer det vel en bjelle,?. Da påstår jeg at det er et system som er avtalt at en ikke skal få vinne fram i. Avtalt på forhånd. Hvor mange saker skjer på denne måten,?. Vi har ikke gjort noe. Flere som mener det samme her,?.

    • Kommentarene dine slipper stadig åtsel-hyenene ut av avfall-sekken.
      Og forteller tydelig at kunnskapene dine stammer direkte fra egne erfaringer.
      Ikke fra liksom-professorale foredrag og diverse etter-apninger i Volda & Omegn.
      Eller fra felles-eksamener etter sosiologi-faglige helge-seminarer på firmahytta.

      Observasjonene dine fortjener derved å bli videre belyst. Presisert.

      Først: Barnevern-etaten er i k k e vern av barn.
      Men ja – det er et virkelig og bæl-sterkt Vern.
      Taushets-vern. Innsyns-vern. Straffe-vern. Oppsigelses-vern. Verne-vern.
      Heretter benevnt: Vernet.

      Vernet omfatter alle nødvendige funksjoner for å kunne utføre
      lovbestemt anklage og doms-avsigelse m/avretting.
      Herunder også beslaglegging av statens påståtte eiendom.
      T. d. tilgjengelige barn. Uten Vernet-sertifiserte foreldre.
      Umiddelbart og da effektivt.

      Avdelinger: A Innhenting og bestyrkelse av mistanker.
      B Verifisering av mistanker/bekymringer.
      C Rettergang og dom. D Strategi avvisning anker.

      Vernet utfører sitt virke helt U-avhengig av samfunnets øvrige retts-instanser
      Som politi, doms-instanser, fagkyndige, lov-avdelinger,mm.
      Er gitt en helt frisluppen (her ikke t) stilling.
      Men: Kan administrere, instruere, rådgi disse. Etter selv-erklært behov.
      Altså dersom Vernet der ser det noe nødvendig.

      Avdeling A Innhenting av bekymring er den essensielle.
      Den helt avgjørende. Det er her selve strutse-eggene legges.
      Internt benevnt Bjarne-avdelingen.
      Der den aller første observasjon/bekymring/mistanke bokstaveres,
      og omsider rettskrives.

      Og deretter – alltid ukorrigert – arves hele veien oppover til Høgsterett.
      En Vernet-kvalifisert uttalelse fra bunnlinjens Bjarne-avd er U-angripelig.
      Den er over loven. Høyt over. Aller øverst.

      DØME:
      Første linje observantinne i avd Bjarne rapporterte at Far
      satt og siklet noe voldsomt. I sin røde bil.
      Tett ved en småbarnehage. Pluss pluss.

      Kvalitetssikring: Denne våkne Bjarne-ansatte hadde delvis fullført ungdomsskole.
      Flere ferie-opphold på Hudøy.
      Var her (antatt) edru igjen.
      Stilling som barnehaveassistenthentevikarreserve siden sommerferiestart dette året.

      Far ble også observert i travel jobb-funksjon. Av 253 kolleger.
      SAMTIDIG som han ble sett ved barnehagen.
      I en – for ham – helt ukjent og rød bil.

      Vitneutsagn fra jobb avvist.
      Årsak: Mange kunne vel ha snakket sammen. Eller noe sånt.
      Bekreftelse av Vernets Bjarne-observasjon v/barnehage ved alle senere doms-instanser.
      Også ved lagrett – ved at anke avvises.
      Der denne lagdommeren nå nettopp satt i storkammeret i Høgsterett.
      Sedvanlig Habilitet kan dette også kalles.

      Således er din kritthvite og ubesudlede CV av null, null betydning. Glem den.
      Helst det motsatte av frikjennende. I følge Gamle Oslo barnevern:
      Da kan jo – muligens – datoen for din aller første forbrytelse rykke stadig nærmere.
      Altså: Da mere og mere sannsynlig !

      Likeledes med hva man selv skriker om og påstår å ikke ha begått.
      Enda mere null betydning.
      For disse skyldspørsmål avgjøres best, enkelt, effektivt,
      raskt og livs-varig av Vernet selv.

      Mange Vernet-klienter har ymtet om å foreta barne-ran også fra Vernet-ansatte.
      For at man der skulle få kjenne sin egen medisin.
      Jeg vil på det sterkeste gå i mot slike forslag.
      Om da avkom der måtte finnes.
      Slike velmente og høy-effektive innlærings-metoder vil sterkt skade
      helt uskyldige barn.
      Ingen bør da vite dette bedre enn oss.

      Gi aldri slipp på humaniteten !!

      Et langt bedre, skånsomt og menneske-vennlig forslag er at Vernet skal få fri adgang til å studere nettopp barneran – men hos vel-egnede biologiske arter.
      Hellet er her at alt er allerede perfekt tilrettelagt
      for særdeles lærerike og givende studie-opphold.

      Ikke på de sedvanlige hjemlige høyfjells-seminarer.
      Men på en tropisk, grønnkledt og heltubebodd øy.
      Der man i fred og ro kan studere ville arters reaksjoner
      når avkommet forsøkes fjernet.

      Øya ligger fjernt – utenfor Brasil.
      Men vi vil alle ivrig bidra til reise-kostnadene dit ned.
      Til Ilha da Queimada Grande.
      Med egne og idéelt plasserte oppholdssteder for det velkomne Vernet fra Norge.
      Vi skal vente spent på forsknings-resultatene !
      Gjerne veldig lenge.

      https://www.dagbladet.no/tema/denne-oya-er-forbudt-for-mennesker-arsak-det-vrimler-av-dodelige-slanger-her/70165528

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*