Debattklimaet om barnevernet er ikkje haldbart

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Barnevernet sitt mandat og praksis må tole både diskusjon og kritikk.

Barn er framleis utsett for omsorgssvikt medan alle vi andre kranglar om kven som er mest uduglege, og har dei rettaste haldningane, skriv Bjarte Gangeskar. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix

Debattinnlegg i BT

  • Bjarte Gangeskar, Barnevernsleiar i Stad kommune

Konsekvensane av å gjere for mykje for tidleg eller for lite for seint, har eit så stort alvor i seg at det må tole det.

No har likevel debatten om barnevern nådd høgder som gjer at eg er i ferd med «å lukke øyra». Å ta innover seg konstruktiv og nyttig kritikk er vanskeleg når alle «ropar med utestemme».

Private granskarar kritiserer eit barnevern som andre private granskarar meiner hadde ei overordna tilfredsstillande sakshandsaming, og Fylkesmannen tidlegare har frikjent. Kommunestyret i Samnanger vil vurdere søksmål mot tidlegare tilsette.

I etterkant har Samnanger kommune også varsla at dei vil seie opp samarbeidet med Bergen kommune om barnevernet.

Fylkesnemnda, og i to av sakene også tingretten, har sjølvsagt vore involvert i dei sakene som dannar bakteppe for denne debatten. Kva dei har meint og meiner får vi sjølvsagt ikkje del i.

Alle forstår at fylkesnemnda og tingretten aldri vil uttale seg om desse sakene. Enkelte meiner og at dei berre «strør sand» på dei feila barnevernstenesta allereie har gjort.

Andregranskingsrapportar viser at det vert gjort feil i barnevernet og at både kompetanse, ressurstilgang og rolleforståing må styrkjast.

Den europeiske menneskerettsdomstolen og Høgsterett har kome med avgjerder som barnevernet må ta innover seg. Sjølv om enkelte kritikarar brukar desse avgjerdene langt utover det dei gjev grunnlag for.

Bjarte Gangeskar Foto: Stad kommune

Det siste er at Helsetilsynet set spørjeteikn ved om barnevernet er rett organisertDet fekk direktøren i Bufdir til å kritisere Helsetilsynet for å skape motløyse i barnevernet.

Tilsette i barnevernet på si side, vert lett krenkja av all kritikken og vert opplevd å gå i forsvar. Det einaste som då skjer, er at styrken i kritikken aukar.

Konfliktnivået og retorikken rundt barnevernet er byrja å bli barnevernet si største utfordring. Dette har alle eit medansvar for å gjere noko med – også vi som jobbar i tenesta.

Inntil det kjem nokre vaksne på bana og ryddar opp i denne debatten, må eg og alle tilsette i barnevernet fortsette å gå på jobb som vanleg.

Diverre er det behov for oss enno. Barn er framleis utsett for omsorgssvikt medan alle vi andre kranglar om kven som er mest uduglege, og har dei rettaste haldningane.

Løysinga er ikkje private granskingar i enkeltkommunar. Ingen av oss som deltek i debatten har den einaste sanninga.

Kanskje er det difor på tide at Stortinget kjem på bana og seier noko om kva slags barnevern vi skal ha i dette landet? Den sokalla barnevernsreforma er ikkje tilstrekkeleg for å skape tillit.

Kilde: BT

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

3 Kommentarer

  1. Jeg tviler ikke på at Bjarte Gangeskar lukker ørene. Men han er ikke «i ferd med» å gjøre det nå. Han har hatt ørene lukket for det barnevernsofrene har å fortelle i årevis, og har selv opptrådt som en dessverre typisk barnevernsleder.

  2. Han der forsøker å vri det positivt til barnevernet sin fordel. Har ikke forstått alvoret i hva barnefamilier blir utsatt for. Han mener at den regjeringen som til nå står bak all dritten, skal være den som skal komme med en ny vri. Han oppmodar til,, mentalitet. Slike må ut av barnevernet for godt.

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*