«Det enkleste er ofte det beste», også i barnevernet

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Av BJØRG MANNES

PSYKOLOGSPESIALIST NEVROPSYKOLOG MNPF

Dei fleste kjenner til Rema-uttrykket som er gjengitt i overskriften på dette innlegget. Eg er sjølv oppvaksen bak disken i ein matbutikk og har derfor både sans for – og respekt for-  kolonialmajoren Reitan som visstnok fann opp uttrykket.

I desse tider med store debattar om barnevernet, med nasjonale planer om struktur- og kvalitetsendringar på området, dukkar dette Rema-uttrykket i hodet mitt.

Mesteparten av det arbeidet barnevernet utfører foregår i det stille, utanfor media og politikarane sitt søkelys. I dei tilfellene der det blir utført dårleg arbeid, kjem media og politikarar ofte inn. Sjølv er eg psykolog, og har i seinare tid blitt kobla inn i nokre barnevernssaker der ting floka seg til. Eg har absolutt ingen grunn til å tru at desse sakene er representative for norsk barnevern. Men eg opplever situasjonen som alvorleg for dei det gjeld, både her og nå for dei aktuelle barna, og for utviklinga deira vidare fram mot vaksenlivet. Og eg veit at fleire enn meg har opplevd liknande forhold.

Ut frå mine erfaringar er det to faktorar som går igjen når det blir floker i barnevernet. Det eine er mangelfull kunnskap om lovene som styrer, eller skal styre, instansen. Det andre er mangelfull kunnskap om barns psyke. Eg har sett eksempler på at barn blir behandla nærmast som små pakker og blir henta og sendt rundt omkring. Då eg var liten på 50-talet fekk ikkje mødrene våre besøka oss på sjukehuset, angivelig fordi det medførte så mykje uro og barnegråt når mødrene skulle gå igjen. I dag er dette utenkjeleg på ein barneavdeling. I dag har ein kunnskap om slike ting. Men denne kunnskapen ser ein dessverre ikkje alltid i barnevernet.

I mitt hode blir det absurd å snakke om «Barnets beste» når ein ikkje har kunnskap om kva barn treng.

I 2010 kom det til ein tilføyelse i helselovgivinga, der helsepersonell blir pålagt å informere barn om foreldras helseproblem, på ein alderstilpassa måte. Loven kom som resultat av auka kunnskap om barns tenkemåte. I dei barnevernssakene der eg har sett at det har floka seg til har dette perspektivet vore nærmast fråverande. Barn har blir henta, plassert i beredskapshjem og deretter fosterhjem utan å få forklaring som kan hjelpe til å mestre den forvirringa og fortvilelsen dei opplever.

Desse linjene er ingen beskrivelse av norsk barnevern generelt. Men der ER ein beskrivelse av ein del av barnevernet.

Etter god Rema-oppskrift tenkjer eg at obligatorisk kunnskap om aktuelt lovverk, kunnskap om barns psyke, regelmessig profesjonell veiledning og ditto ledelse, er det som skal til for å sikre at heile barnevernet fungerer godt. Det er ikkje verre enn det. Alle «varene» finst, det er bare å hente dei på lageret, dvs. i aktuelle fagområder innan jus, psykologi, pedagogikk og ledelse.

På dette lageret ligg også store pakningar merka «skole», «PPT», «Helsestasjon», «BUP», «Barnehabilitering» og meir til.

Det manglar egentlig ingenting på lageret, det er bare å henta.

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Be the first to comment

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*