Kristeleg folkeparti held fana høgt når det gjeld familieverdiar. Partiet fronta kontantstøtte og auke i barnetrygda, og gjekk i regjeringsforhandlingar i vinter med lovnad om restriktive endringar i abortlova. Partiet ba om ministerposten for born og familier, og fekk han.
I går trykte Dagbladet eit intervju med den ferske barne- og familieministeren, Kjell Ingolf Ropstad. Ministeren frå Krf, imponerer; høyr berre:
“Det er ikke grunnlag for å si at barnevernet griper inn i saker uten god grunn, slik enkelte kritikere hevder. De barna som barnevernet overtar omsorgen for, trenger omsorg og beskyttelse.“
Ropstad
Ropstad he brukt den siste tida godt; berre fem veker i ministerstolen tok det han å skaffe seg oversikt over barnevernet. Han går god for korleis etaten grip inn i familier, og han vil ha meir av det same. 5 born misser familiene sine dagleg, men for Ropstad er ikkje det nok. Han rekvirerer fleire fosterheimar, og han he makt til å skaffe dei.
Same dag som oppslaget i Dagbladet, minner avisa Firda om eitt av overgrepa til barnevernet, som Ropstad hevdar å stille seg bak, det mot Bodnariufamilien i Naustdal i Sogn og Fjordane. Firda melder at familien skal få prøve saka si for den Europeiske Menneskerettsdomstolen i Strasbourg, og oppsummerer saka slik:
“Fem born vart tekne frå eit norsk-rumensk ektepar hausten 2015. I utanlandske medium var historia at barnevernet greip inn på grunn av «kristen indoktrinering». I Norge handla saka om familievald.”
Eg reknar med avisa referer den offentlege parten i saka, slik dei gjerne gjer. Det barnevernet kallar familievald, var klaps som ledd i oppsedinga. Denne klapsinga gjorde at barnevernet og politi fjerna alle dei 5 borna frå heimen og heldt dei heimanfrå i eitt år, spedbarnet fekk kome heim litt før. Barnevernet agerte med å fjerne borna som FYRSTE kontakt med familien. I denne saka som barnevernet kallar familivaldsak, skriv dei i protokollane sine at familien er svært kristeleg, og at ei av bestemødrene er ekstra kristeleg!
Kor kristeleg synest du ei familie kan få vere, Ropstad, før barnevernet bør intervenere heimen og du stiller med statsbetalt fosterheim?
I saka om Amy Jakobsen, skilde barnevernet foreldre og barn fordi mor amma barnet ved 18 mnds alder, og barnet låg litt under vektpercentilen.
Kor lenge synest du ei mor kan amme barnet sitt, Ropstad, der barnet er triveleg og ved god helse, før du stiller fosterheim til disposisjon?
Born he mist familien sin pga overvekt, og overvektige foreldre kan skape uro i barnevernet.
Kor høg BMI synest du, Ropstad, at foreldre og born kan ha, før du stiller fosterheim til disposisjon? (Rådfør deg gjerne med dei andre partileiarane her, om spørsmålet er vanskeleg.)
Ei anna sak du he fått ansvar for, og som du forsvarar behandlinga av, er fjerninga av dei fem borna til Natalie De Linde sommaren 2016. Velfungerande og nøgde born var dei hjå mor, men familien hadde flytta for mykje, meinte barnevernet. At barnevernet bløffa når dei uttrykte uro over frekvente flyttingar, skjønar ein av “medisinen” dei brukte på problemet: tap av mor og splitting av syskena, ved flytting! Eldste barnet rømde heim, og fekk til slutt vere der. Nesteldste er flytta FIRE gonger av barnevernet etter overgrepet i 2016, og orkar ikkje leve utan mor si lenger! Etaten din tvingar han likevel frå mor til institusjon. So fortvila var både mor og barn over situasjonen, at dei prøvde, i rein naudverje, å ta seg inn til Polen for å søkje asyl der.
Kor ofte synest du ei familie skal kunne flytte, Ropstad, før du stiller fosterheim til disposisjon?
I ei sak var det vektigaste argumentet for familieintervensjon at ei avdød oldemor hadde vore utru.
Kor mange slektstledd attende, Ropstad, synest du at utruskap skal vektleggjast i barnevernsaker?
Dei tre brødrene som feilaktig fekk diagnosen psykisk utviklingshemming i Tolga, he nyleg skapt nasjonal furore. I kjølvatnet av avsløringa viser det seg at eit firma reiser rundt og yter hjelp til kommunene med å få sett denne diagnosen på folk, som ledd i å sikre balanse i kommuneøkonomiane. Desse diagnosene sikrar nemleg kjærkomne overføringar frå staten til kommunene.
Sylvia Gustavsen Ensby fekk óg ei slik diagnose som ung. Diagnosen er førd inn i journalen, påteikna at pasient og mor ikkje er gjord kjend med diagnosen! Barnevernet he sørga for adopsjon av barnet til henne og mannen, pga denne ukjende og urette diagnosen! Og ho er ikkje den einaste; Natasha Feline miste óg tvillingane sine, og laut røme til Polen for å berge familien. Ogso ho med den same urette diagnosen.
Interveneringa i desse to sakene ovanfor, forsvarar du Ropstad med uttalen din i Dagbladet!
Ei norsk familie he nyst fått flyktingstatus i Polen pga menneskerettsbrot i Noreg, og Familiekanalen ved Rune Fardal melder stendig om nye familier som he berga seg over til Polen. Barnevernet i Stavanger er ansvarleg for korrupsjon og brot på tyrkisk lov ved kidnapping frå tyrkosk jord av tyrkiske born. Ei svensk/finsk familie busett i Noreg he rømt til Dubai. Bodnariufamilien flytta til Romania fordi det var uråd å kjenne seg trygg på heimgarden i Naustdal etter barnerova der, og fordi barnevernet ikkje gav dei ro til å gå vidare etter dei alvorlege traumane dei var påførde.
Tidlegare barne- og likestillingsminister Inga Marte Torkildsen frå SV proklamerte omsorgsfullt smilande, at alle born er statens born. Ho handla som ho lærde, og heldt på å øydeleggje heile familien til Vibeke Vedvik, ei familie ho ikkje kjende og aldri hadde møtt, ved å sende sokalla bekymringsmelding. Diverre verkar hennar parti å ha lite otte over korleis born og familier vert behandla i offentleg regi, so lenge det ikkje står private aktørar på lønningslistene.
Anna var å vente av ministeren frå Kristeleg folkeparti. Oppslaget i Dagbladet igår var difor sjokkerande avklarande! Ein minister som forsvarar vekkadopsjon av born med grunnlag i falske diagnoser, lyt det åtvarast mot!
Dagbladet, 27.02.2019:
Firda, 27.02.2019:
Familiekanalen, intervju med sakkunnig Esther Solberg:
Denne artikkelen av Margaret Hennum er blant de beste og klareste i den senere tid, trass i skarp konkurranse på internett for tiden av oppslag som viser virkelig innsikt! Konvensjonelle A4-media ligger lysår etter, i sin iver etter å tekkes myndighetene og nærmest bare bruke tiden på ‘offisiell informasjon’.
KrFs familiedyrking har, i mer enn de 25 årene jeg har beskjeftiget meg med barnevernsspørsmål, hele tiden begrenset seg til familier som oppfører seg kuet og ‘bra’ og lystrer og medvirker i den rådende ideologien. Jaspers forslag om to andre mulige partier å stemme på til høsten, er gode. Nærmest alt er bedre enn å støtte opp om de partiene som sitter på Stortinget og driver barnevernet til stadig mere absurde ‘høyder’. Og De Kristne og Demokratene har begge to noen lyse hoder som observerer realiteter, og tenker.
Ingen overraskelse at KrF er på rekord lav popularitet.
Tenk i stedet på De Kristne eller Demokratene… husk at Marita Moltu har forandret politisk parti for eksempel