Ein far på Sunnmøre har saksøkt Ørsta kommune og barnevernstenesta med krav om 1,5 millionar kroner i oppreisingserstatning.
Av Journalist Anne-Mari Tomasgard
Bakgrunnen for saka er at barnevernet på eit tidspunkt overtok omsorg for mannen sine barn. Faren meiner Ørsta kommune si barnevernsteneste ikkje har overhalde plikta til aktivt å legge til rette for tilbakeføring av barna.
Han fekk tilbake omsorga for det eine barnet, men ikkje det andre, ifølgje sluttinnlegget som advokat Harald Grape har sendt tingretten.
Saksøkjaren meiner Ørsta kommune og barnevernstenesta har brote både barnevernslova og Den Europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) i samband med saka.
Kommunen avviser søksmålet og krev frifinning.
Erstatning for tort og svie
Faren meiner kommunen har opptredd grovt aktlaust og krenka artikkel 8 i EMK.
Og som erstatning for tort og svie krev han inntil 1,5 millionar kroner i oppreisingserstatning frå kommunen. I tillegg krev han også dekt dei kostnadene han har hatt til advokathjelp i samband med saka.
Saksøkjaren meiner kommunen skulle lagt til rette for at også det andre barnet hans kunne flytte heim.
– Om kommunen hadde overhalde pliktene sine, ville det andre barnet sannsynlegvis vore ført tilbake også. Då kunne far og dei to barna vore gjenforeina, meiner saksøkjaren.
I sluttinnlegget frå saksøkjar blir det blant anna vist til at barnevernet i samband med omsorgsovertaking pliktar å følgje utviklinga, vurdere endringar, gi tilbod om rettleiing og legge til rette for at foreldre kan få tilbake omsorg for barn. Dette så lenge omsynet til barnet ikkje taler mot det.
Vidare blir det vist til at styresmaktene har plikt til å treffe tiltak med sikte på gjenforeining så snart det lar seg gjere. Det blir samtidig understreka at dette må sjåast opp mot barnet sitt beste.
Viser til barnets beste
Advokat Reidar Andresen representerer Ørsta kommune, som krev frifinning.
Kommunen og barnevernstenesta meiner dei ikkje har forsømt seg i vurderingane sine. Vurderingane har heile tida vore basert på omsynet til barnets beste og dei involverte elles, ifølgje sluttinnlegget.
Den saksøkte kommunen meiner det verken ligg føre skade eller ansvarsgrunnlag. Då er heller ikkje vilkåret om årsakssamanheng oppfylt, etter kommunen sitt syn.
Vidare meiner kommunen at beløpet som blir kravd i alle tilfelle er altfor høgt. Kravet synast også å vere forelda, ifølgje sluttinnlegget som kommunen har sendt tingretten.
Søksmålet skal behandlast i Møre og Romsdal tingrett i februar.
Retten har sett av fire dagar til behandling av saka, men ifølgje tidsplanen i sluttinnlegget blir saka avslutta på tredje dagen.
Kilde: https://www.smp.no/nyheter/i/BWb0mE/far-har-saksoekt-barnevernet-for-millionsum
Leave a Reply