FN har satt kritisk søkelys på Norsk barnevern

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Eg leser at FN kommisjonen har satt kritisk søkelys på Norsk barnevern og ber staten komme med tilbakemeldinger. Etter mitt syn blir det som å granske seg sjølv. Då det føregår mange lovbrot i det norskebarnevern og dere har nok fått framlagtein del dokument på det, vil eg oversende dette generelle innblikket om korleis mange opplever kritikkverdige tilhøve og brudd på både barnevernsloven, prinsippet om god forvaltningsskikk, forvaltningslova sine generelle regler, barneloven, barnekonvensjonen og EMK.

Skippervik mener at mange av sakene er myndighetsmisbruk på grunn av manglende kompetanse hos etaten
Skippervik mener at mange av sakene er myndighetsmisbruk på grunn av manglende kompetanse hos etaten

Mange saker er reint ut myndigheitsmisbruk med at etaten medviten ikkje held seg innanfor sin kompetanse innkludert normal god folkeskikk og god forvaltningskikk. Tilsette i denne etaten gjer dette medviten for å skremme og presse både foreldre og barn med både truslar og kva dei enn bruker av avhørsmetodar. Dei skremmer og presser barn ut ifrå innhaldet i bekymringsmeldinga uavhengig av å vurdere sanningsgehalten i den eller prate med foreldra først, for å føre i pennen av negative observasjonar teke ut av samanhenga og utalingar som ikkje er slik barn og foreldre framstiller fakta, inkludert medviten sitere fakta feil for å sette saman noko dei kan bruke for å iverksetje tiltak med mål om å få omsorgsovertakingssaker Eg blir fortalt at saksbehandlerne vrir på alt mulig ungdommene seier til det negative til dei blir usikker på seg sjølv eller gir opp. Mange unge krever utlevert sine mapper etter mareritt over fleire år som følgje av både undersøkinger og tiltak frå barnevernet og dei når mange leser i ettertid det saksbehandlerne har skreve kjenner dei seg ikkje igjen. Det er som om det er framande mennesker dei leser om. . Eg klarer ikkje å få dette til å være at undersøkelser skal være ”så skånsomt som mulig” og ”ikke gjøres meir omfattende enn formålet tilsier” etter barnevernsloven.

Når tiltaka er satt i gang ofte utan at ein heilt klarer ut i frå normal forstand å skjønne det føremåltenelege i dei ut i frå kva hjelp som frivillig er bede om eller som ved tvang på grunn av psykisk sjukdom, langvarig sjukdom eller ei ein merkelig bekymringsmelding blir iverksatt kun fordi lova krever det, blir tiltaka som å plukke ut dei riktige talla i lotto å rekne. Når tiltaka da har vart ei kort stund og tiltaket sjølvsagt ikkje fungerte ,blir det nye og nye og nye og barna blir stressa og usikker av omveltingar, foreldra frustrerte og saka med barnevernet blir lite føreseieleg. Den blir faktisk ikkje det for da kjem barnevernet med neste tiltak som er frivillig plassering eller tvangsplassering utan for heimen. Dette kan dei også klare å starte med under si undersøkings periodar eller så snart det er gjort vedtak etter denne perioden.

Dette skjer enten med press inkludert ulovlige metodar som å prøve på å ikkje tillate folk å lese dokumentet, bagatelliserer det som uviktig eller dersom foreldre nektar blir dei trua med at saka oversendt til fylkesmannen for prøving. For dei som nektar å gje etter for slik sakshandsaming blir saka oversendt til fylkesmannen. Det er svært mange som har blitt pressa til så kalla frivillig omsorgsovertaking under truslar og med svært nedlatande åtferd. Særlig noko som går att er bare til å skrive under for gjør du ikkje det tar vi barnet likevel, så det er best du skriver under.

Eg har sjølv sjokkert opplevd og høyrer ville og ulovlige tilstander i denne etaten under sine undersøkingar og det er barna langt inn i voksen alder dette går utover. Tilhøva går begge vegar både der barnevernet skulle grepe inn med tiltak og der omsorgsovertakingar aldri skulle skjedd. Slik eg blir fortalt av både foreldre, barn og unge sitter dei i undersøkingsprosessen og blir ikkje høyrt og blir vettskremt under barnevernet sine avhør av dei og går rundt og er redd i fleire månader etterpå. Til og med der barnevernet avslutter saker etter undersøkelsestid bærer barn preg av skrekk og redsel i lang tid etterpå.

Eg veit ikkje korleis dere jobber for barn, men ser så mange bli ødelagt av dette systemet. Barn, ungdommer og foreldre går naive, glade og stort sett fornøyd inn i systemet. Dei kjem ut av systemet som vrak. Unge voksne med nerver enten ubekrefta og har hangla seg gjennom systemet eller bekrefta og dermed innafor psykiatrien eller rusavhengige for å dempe innvendige sår dette har påført dei. Ei anna gruppe er dei som ikkje overlever. Samstundes som foreldra i fortviling over legal kidnapping sidan inngrep krever heimel, for i realiteten og kjenslene for både barna og foreldre er det. Lang kamp for å vinne barnet ut av systemet blir utslitt og havner i den lange NAV køen for uføre. Gode omsorgspersoner med sine historier ikkje blir trudd i retten om det norske barnevernet og ikkje får medhold i omsorgsaker som aldri burde vore ført. Dette er dagens barnevern.

Korleis klarer barne og likestillingsdepartementet å stå inne for eit system som omgjer så mange borgarar frå å være unge håpefulle og trygge til å bli ung ufør og foreldra frå å være i jobb, utdanning, eventuelt kort sjukemelding pga fysiske eller psykiske plager til å bli langtidssjukemeldt ,få nedbrutt psyke og bli ufør, noko som foreldra absolutt ikkje såg føre seg før barnevernet sitt inntog og aggressive innhugg i den private autonomi ?

Dette er dessverre ikkje haldbart og eg har eit lite forslag. Kan dere plassere dagens barnevern slik det fungerer i dag under politiet slik at borgarane forstår at dette ikkje er eit organ ein trygt kan spørje om litt hjelp frå eller tillate dei å gje litt hjelp over ein kort periode for så frivillig å kunne gje beskjed om at no klarer vi oss sjølv, tusen takk for hjelpa, eg føler verkelig at skattepengen er meiningsfulle å betale? Kan dere opprette eit organ til dømes i forlenginga av helsestasjonen der folk trygt kan få hjelp og tilrettelagt tiltak mot til dømes mobbing og andre meir helserelaterte utfordringar psykisk som fysisk , støttekontaktar, avlastingstilbod også ved sjukdom (slekt og venner er på jobb eller bur langvegs vekk i dag), rådgjeving og liknande der ein trygt også får lov å sei at no går det bra utan å bli slengt tilbake at nei du, det får ikkje du bestemme og vi avgjer om dere har det bra eller føler dere friske!?

Klarer dere å være villig som folkevalte å se, handle og ikkje minst forstå at det ikkje er greit å legalt kidnappe barn over ein så lav sko/terskel og særlig når den såkalla nedsette omsorgsevna blir nedsett som følgje av offentleg overtramp og lovbrot på dei ovanfor nemnte lovene. Handlingar som etter straffelova er strafflagte går denne etaten fri med for foreldre blir ikkje trudd i retten, barna er stimulert og fått frykt til taushet og stiller ikkje og sjølv om dei vil blir dei nekta av barnevernet. Fylkesmannen ser ikkje lovbrota for dei er ikkje skriftlege og barnevernet påstår at dei ikkje har gjort nokon ting galt , så etterlang tid kan ein gå til politiet… Nei kvifor kjem dere her, dette er ei forvaltningssak og ikkje underlagt vår oppgåve for dei vil helst ikkje ta imot, etterforskinga er minimal for så å henlegge saka under manglande resursar, bevis osb. Kor er rettstryggleiken? Brotsverk er ikkje berre ransbølgje i Oslo eller tjueri og innbrot. Brotsverk går føre seg også på offentlege kontor til stor skade for borna, foreldra og samfunnet. Kan dere seriøst vurdere mitt forslag til endring og det fort.

Anita Skippervik

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Be the first to comment

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*