Ein ny rapport viser at personar med nedsett funksjonsevne sjeldan melder vald eller oppsøkjer hjelpeapparatet på grunn av vald. Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) ved Høyskolen i Oslo og Akershus (HiOA) har laga rapporten «Vold mot personer med nedsatt funksjonsevne». Oppdraget kjem frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Dette er den aller første rapporten på dette feltet i Noreg.
– Vi veit at personar med nedsett funksjonsevne er meir utsett for vald enn andre personar. Med denne rapporten har vi fått auka kunnskap om tenestetilbodet til valdsutsette personar med nedsett funksjonsevne og korleis dei sjølve opplever tilbodet frå tenesteapparatet, seier direktør Mari Trommald i Bufdir.
Få valdsutsette personar med nedsett funksjonsevne søker hjelp
Rapporten viser at valdsutsette personar med nedsett funksjonsevne sjeldan oppsøker hjelpetilboda for valdsutsette eller melder valden til politiet. Årsakene kan vere frykta for å ikkje bli trudd, frykta for å bli sett på som ein vanskeleg person og frykta for å miste tilbodet dei har i dag.
– Personar med nedsett funksjonsevne er avhengige av hjelparane sine. Det kan handle om å komme ut av senga, eller få hjelp til daglege gjeremål. Dette gjer at dei vegrar seg for å melde vald, eller oppsøke hjelpetiltak som til dømes krisesenter, seier Trommald.
Rapporten viser at vi må ha ei større forståing av «nær relasjon»-omgrepet når de gjeld personar med nedsett funksjonsevne. Personar kan utsettast for vald frå tenesteytarar som er deira nære relasjon i det daglege. Vald og krenkingar kan skje i det offentlege tenestetilbodet. Det kan også vere fysiske og psykiske krenkingar, økonomisk og materiell utnytting, forsømming og ignorering eller truslar.
Auka medvit og gode rutinar
Gode rutinar og retningsliner er viktig i både små og store kommunar, viser rapporten. Det må arbeidast med oppfølging og rettleiing for å heve medvitet og kompetansenivået hos tilsette i hjelpetenestene og betre samordninga på tvers av etatane. Bufdir arbeider no med å ferdigstille retningsliner for å avdekke og handtere seksuelle overgrep mot menneske med utviklingshemming.
– Dei som jobbar med tenester for personar med nedsett funksjonsevne må ha høgt medvit om den maktposisjonen dei har i denne relasjonen. Det krev ei særleg aktsemd når det gjeld framferd og veremåte. I tillegg må ulike sektorar i tenesteapparatet samarbeide slik at vi saman kan sikre at valdsutsette personar med nedsett funksjonsevne får den hjelpa og den informasjonen dei treng når eit overgrep finn stad, avsluttar Trommald.
Rapporten Vold mot personer med nedsatt funksjonsevne
Forskergruppa har bestått av Tonje Gundersen (prosjektleder, NOVA/HiOA) og Kari Stefansen (prosjektmedarbeider, NOVA/HiOA)
Lanseringa fann stad i Bufdir sine lokaler 10.30-14.00 onsdag 30. april 2014
Pressekontakt: seniorrådgjevar i kommunikasjonseininga i Bufdir Henrik Nielsen, tlf 466 15 995
Leave a Reply