Trykket frå media har gjort oss reddare for å delta i debatten.
Av Bjarte Gangeskar, Barnevernsleiar i Stad kommune
(BT) Eg får ofte spørsmål om korleis det er å jobbe i barnevernet. Nokre spør fordi dei har merka seg alle medieoppslaga om personhets, dommar frå EMD og kritikk frå både «høg og låg.»
Andre igjen spør fordi dei tenkjer at det må vere belastande å møte alvorlege skjebnar, samstundes som ein skal ta avgjerdsler som kan prege livet til folk, både på godt og vondt. Eg kan sjølvsagt ikkje svare på vegner av andre enn meg sjølv. Men, mitt svar vil vere: «Takk som spør. Å jobbe i barnevernet er meiningsfullt og utfordrande og det er ingen grunn til å synest synd på meg».
Ein kvardag i barnevernet betyr møte med foreldre og barn som er med og tek tak i eigne liv. Foreldre og barn som trass i dramatiske historier klarer å reise seg. Foreldre som samarbeider og klarer å fokusere på kva som er best for barna.
Dette trass i det må vere ekstremt belastande å skulle ta omsyn til vanskane i sitt eige liv samstundes som ein skal handtere eit hjelpeapparat som ofte er byråkratisk og lite koordinert. Eit hjelpeapparat som altfor ofte møter komplekse problemstillingar ved å skyve problema mellom seg. Eit hjelpeapparat eg er ein del av.
Vi møter born som er utsett for grov omsorgssvikt, rusmisbruk, vald og overgrep. Det kan vere pappaen som rusar seg og utøver vald mot mor. Det er og møte med born som fortel at dei vert utsett for vald eller seksuelle overgrep under samvær. Det kan vere ei mor som ikkje har styrke nok til å starte eller stå i prosessen med å stoppe det same samværet. Kanskje blir ho ikkje trudd?
Det viktigaste arbeidet skjer i møte med desse menneska. Samstundes er det eit veldig byråkrati involvert. Det skal tilvisast, det skal gjennomførast tilrettelagde avhøyr, det skal innhentast informasjon, skrivast vedtak, lagast planar og dokumenterast.
Advokatar vert involvert, saker skal sendast til fylkesnemnd og rettsapparat, vitne skal varslast, tiltak skal settas i verk og følgjast opp. Det skal rekrutterast fosterheimar og tilsynsførarar. Borna skal få høve til medverknad. Oppe i alt dette har vi og eit oppfølgingsansvar for dei foreldra som eit forslag om tvangsvedtak og rettar seg mot.
Dette er krevjande og vi strekker ikkje alltid til. Vi har ikkje alltid har nok kompetanse, nok tid og nok ressursar. Men, slik er det over alt i det offentlege. Kva tid høyrde du om ein offentleg instans som sa seg nøgd med ressurssituasjonen? Dette er sjølvsagt ikkje eit argument for å la vere å satse på barnevernet. Det er meir eit argument for at ein ikkje skal krisemaksimere og gjere tenesta meir spesiell enn det den faktisk er.
Mi oppleving er at mange barnevernstenester treng meir ressursar. Men, det er og mange tenester som kontinuerleg må jobbe med korleis ein brukar dei ressursane ein har. Mi teneste inkludert.
Trykket frå media, og ikkje minst frå sosiale media, har gjort noko med oss som arbeider i barnevernet. Vi er blitt reddare for å delta i debatten. Vi viser ikkje lenger den same stoltheita for fagutøvinga vår. At pressa set søkjelyst på sakene i EMD og stiller spørjeteikn ved både system og praksis må ikkje berre tolast, det er heilt naudsynt.
Eit barnevern som aldri vert «sett i korta» er ingen tent med, aller minst barna. Så skulle eg sjølvsagt ynskjer at pressa og dei argaste kritikarane av og til var litt meir nyanserte og litt meir opptatt av å få fram realitetar og alternativ.
Hetsen i sosiale medium og sjikane retta mot enkeltpersonar er vanskelegare å takle. Vi skal tole kritikk, vi skal tole frustrasjon, men vi skal ikkje tole omfattande personleg sjikane og trugsmål. Vi skal i alle fall ikkje tole at familiane våre vert utsett for slikt.
Å samstundes skulle lære av den konstruktive kritikken og forsvare seg mot den destruktive kritikken er svært krevjande. Men, begge deler er naudsynt.
Igjen, takk for at du spør meg om jobben min. Det er mitt håp at fleire spør og viser reell interesse for svara.
Kilde: BT
Dere i barnevernet har en rar praksis med å blande alt dere gjør sammen til en suppe. Når dere gjør ulovlige handlinger, så leter dere opp noen i barnevernet som skal stå fram i media og bedyre sin uskyld.. 《vi gjør en god jobb og er snille og dere trakaserer oss i barnevernet, type svar.. 》. Dere har et merkelig system der dere gjemmer dere bak den snille delen når dere har gjort noe alvorlig galt,og forsøker å glatte over hva dere faktisk gjør. Vi vet at dere gjør mye ULOVLIGE handlinger. Ikke prøv dere. Klart det finnes snille, vanlige ansatte i barnevernet, men å forsøke å gjemme den ulovlige delen bak den snille delen er bare fuck’a i hodet uansett. Oljepumpe i motoren min virker ikke… men det gjør da ikke noe, for tennpluggene virker jo.. da kan jeg bare fortsette å kjøre da vel.. ,?. Det er ikke mennesket i seg selv som er dårlig. Det er 4.6 akuttvedtak og 4.12 omsorgsovertakelse, som blir brukt ulovlig. Forstår dere i barnekidnapper firmaet det,?. Ulovlig bruk av politiet,!. 《Jeg raner banken og får politiet til å hjelpe meg med å hente byttet》, type greie,!. Dessuten så er fylkesnemnda og tingrett i mange kommuner korrupte. Ålesund og Molde er korrupte i barnesanger. Vi må søke sammen og stoppe det systemet som ødelegger familier. For det er et utbredt system vi snakker om.