Hareid kommune er saksøkt av eit tidlegare barnevernsbarn.
Vedkomande, som no er vaksen, krev erstatning for personskade og økonomisk tap, som følgje av forsøming frå barnevernet si side.
– Vi meiner barnevernet i Hareid kommune i første omgang må ta ansvar, så kan erstatninga bli fastsett på eit seinare tidspunkt.
Det seier prosessfullmektig for saksøkjaren, advokatfullmektig Isabel Carreno Engeset.
Sidan 2014 har Hareid vore med i den interkommunale barneverntenesta, saman med kommunane Ulstein, Volda og Ørsta. Seinare har også Sande kommune kome med. Volda er vertskommune.
Prosessfullmektig for Hareid kommune, advokat Sverre Larhammer, ønskjer førebels ikkje å kommentere søksmålet som no skal behandlast i tingretten.
– Eg må først få diskutere med min klient, Hareid kommune, om og eventuelt kva vi skal seie om denne saka, seier Larhammer.
Begge partar kjem til å kalle inn vitne når Møre og Romsdal tingrett skal behandle saka.
Rettssaka startar 6. februar og skal etter planen vare i fem dagar.
Kilde: https://www.smp.no/nyheter/i/O86d5O/krev-erstatning-fraa-kommunen
Leave a Reply