Mor (41) dømd til fengsel for å ha mishandla småjentene sine

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Ei romsdalskvinne er dømd til fengsel i åtte månader for å ha mishandla jentene sine i fleire år. Det starta då dei berre var fem og åtte år gamle.

I dommen kjem det fram at kvinna også skremde jentene med usynlege ånder.
FOTO: WENCHE LAMO HADLAND / NRK

I Romsdal tingrett blei den no 41 år gamle kvinna dømd til fengsel i åtte månader for å ha vore valdeleg mot dei to jentene sine. Verst gjekk det ut over den eldste, som var åtte år då det begynte. Ho blei både sparka, slått, dytta og tatt kvelartak på. Men også den yngste, som då var fem år, fekk gjennomgå.

Fortalde alt til fosterforeldra

Jentene bur ikkje lenger hos mor si, etter at det blei klart for barnevernstenesta at kvinna hadde eit stort rusproblem. Då dei kom i fosterheim fortalde dei etter kvart kva som hadde skjedd heime, og mora vedgjekk det meste av det jentene fortalde i politiavhøyr.

Retten er ikkje i tvil om at det jentene har fortalt om vald og redsel stemmer. Dei har ifølgje dommen symptom på posttraumatisk stressliding.

Skremde dei med usynlege ånder

I retten fortalde dei også at mora trudde på usynlege ånder, og hadde skremt dei med dette, slik at dei ikkje torde anna enn å ligge i same seng som henne.

I retten forklarte mora at ho etter kvart ikkje klarte å ta seg av jentene sine. Problema starta då to personar som sto henne nær døydde. I starten rusa ho seg helgane, men etter kvart dagleg.

– Gjentatt mishandling

I dommen blir mora sitt forhold til jentene skildra som eit regime av gjentatt mishandling. Ekstra alvorleg var det fordi ho var den einaste omsorgspersonen deira, og det ikkje var råd for dei å sleppe unna henne.

I formildande retning legg retten vekt på at saksbehandlinga har vore lang, og at kvinna delvis har vedgått valden mot jentene. Ho er i ferd med å kome seg ut av rusbruken, og beklaga sterkt i retten det ho hadde gjort.

Kvinna blir no dømd til fengsel i åtte månader, der fem månader av straffa er på vilkår. I tillegg må ho betale 70 000 kroner i erstatning til kvar av jentene.

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Be the first to comment

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*