Nektar å fjerna barnevernsrapport Fylkesmannen vil ha vekk

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Granskinga av barnevernet i Samnanger omtalar seksuelle overgrep og vald. Fylkesmannen i Vestland meiner rapporten er for avslørande. – Sanninga må fram, fastheld ordføraren, som nektar å fjerna rapporten.

OPPRØRT: – Det er viktig for oss å få synleggjort kva som har skjedd. Dei pårørande ønskjer dette, seier ordførar Knut Harald Frøland (Bygdalista) om debatten rundt offentleggjering.FOTO: EVEN NORHEIM JOHANSEN / NRK

Av Even Norheim Johansen, Journalist NRK

NRK har fortald historia til åleinefaren Edvin Bolstad, som opplevde at tre av barna i tur og orden blei henta frå heimen deira i Samnanger.

Ei omfattande gransking av tre barnevernssaker slår fast at barnevernet ikkje undersøkte godt nok før dei tok barna frå han.

Seksuelle overgrep, vald og medisinbruk

Kommunen vurderer no å saksøka sine tidlegare tilsette.

Politikarane har også vedtatt å publisera heile rapporten på sine nettsider.

Den omtalar mellom anna påstandar om seksuelle overgrep, vald, diagnosar, samlivsbrot, medisinbruk og opphald på institusjon.

Men nokre dagar etter vedtaket i førre veke kom telefonen frå Fylkesmannen.

Ei bekymringsmelding frå Bufdir bidrog til at Fylkesmannen kravde lovlegkontroll.

– Dette er veldig personsensitive opplysingar. Det kan vera i alle si interesse at det blir gjort ei vurdering av om ei slik publisering er rett eller ikkje, sa assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid til NRK fredag.

Brørne står fram: – Eg hadde få vener. Så mista eg familienTRE BARN BLEI FEILAKTIG HENTA AV BARNEVERNET.

Stiller seg undrande

I tillegg kravde Fylkesmannen at rapporten måtte fjernast til lovlegkontrollen var gjennomført.

Det nekta ordførar Knut Harald Frøland (Bygdalista).

I si tilbakemelding etterlyste ordføraren lovheimel og bad Fylkesmannen, som har ei sentral rolle i barnevernssaker, vurdera sin eigen habilitet.

– Heile rapporten er anonymisert. Dette er dessutan ein sluttrapport. Delrapporten, som er bygd opp på same måte, har lege ute sidan i fjor. Eg stiller meg undrande til spørsmålet rundt denne, seier Frøland til NRK.

ADVOKAT: John Christian Elden er engasjert av Samnanger kommune.
FOTO: TERJE PEDERSEN / NTB SCANPIX

– Vern av barnevernets dårlege arbeid

No har advokat John Christian Elden svart Fylkesmannen.

Advokaten har fått oppdraget med å vurdera om tilsette i kommunen kan stillast ansvarleg for barnevernssakene.

– Det er naturleg å bruka Elden når me først hadde eit engasjement med han. Det heng litt saman med det andre han no vurderer, seier Frøland om at Elden har fått oppdraget.

I eit brev sendt Fylkesmannen tysdag viser Elden til at «adgangen til å kreve avpublisert offentlig tilgjengelige opplysninger, er (…) svært begrenset».mm

ASSISTERANDE FYLKESMANN: Gunnar O. Hæreid, assisterande fylkesmann i Vestland, bad personleg om å setja i verk lovlegkontroll av vedtaket i Samnanger.
FOTO: KAIA VIKI / NRK

Advokaten viser elles til svar frå granskarane.

Dei meiner at anonymiseringa må vurderast som tilstrekkeleg utanfor Samnanger kommune. Det ville ikkje vera råd å anonymisera rapporten i ein slik grad at ingen i Samnanger kunne tenka seg til kven rapporten gjaldt, meiner dei.

Då måtte i så fall heile rapporten unntakast.

«Resultatet ville bli vern av barnevernets dårlige arbeid», skriv granskarane i brevet NRK har fått innsyn i.

Elden ber også Fylkesmannen om å oppgi bakgrunnen for at assisterande fylkesmann sjølve sette i verk lovlegkontrollen.

ØNSKJER OFFENTLEGGJERING: Brørne Stian Kviteberg Bolstad (t.v.) og Aleksander Bolstad ønskjer at rapporten skal offentleggjerast. – Det er tøft og vondt å lesa, men håpet er at den kan vera ein augeopnar for andre, seier Stian Bolstad.

– Offera ønskjer publisering

Assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid seier Fylkesmannen i Vestland vil vurdera merknadene frå kommunen grundig.

– Me prioriterer saka og håpar å kunne konkludera i løpet av veka.

Vedtaket om å ta rapporten ned står ved lag.

Dermed ligg rapporten ute mot Fylkesmannen si klare befaling.

– Her har rapporten først blitt offentleggjort, så har me bede dei ta den ned medan saka blir vurdert. Me registrerer at kommunen er usamd i det.

– Kva konsekvensar får det at kommunen ikkje gjer som Fylkesmannen seier?

– Det får ingen direkte konsekvensar no. Me prioriterer som sagt saka, seier assisterande fylkesmann Hæreid.

For ordføraren er saka prinsipiell.

– Dei omtalte har sagt at dei ønskjer publisering. Eg meiner det er viktig for alle at me får synleggjort kva som har skjedd her, seier Knut Harald Frøland.

Kilde

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

1 Kommentar

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*