Rådmannen vil legge alt på bordet

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Firda skriver idag at rådmannen i Naustdal ber Fylkesmannen gjennomføre tilsyn med kommunen sitt barnevernsarbeid.
Rådmann: Øyvind Bang-Olsen
Rådmann: Øyvind Bang-Olsen (Foto:Vidar Gudvangen)

I går vart det kjent via NRK at Fylkesmannen opnar eit hendingsbasert tilsyn med Naustdal kommune, etter at barnevernet i Naustdal sa opp avtalen med Stein Mortensbakke om å vere besøksheim for to barn i kommunen.

I følge Firda, så ber rådmann Øyvind Bang-Olsen i dag om at Fylkesmannen også ser på saka om den norsk-rumenske familien, som har fått nasjonal og internasjonal merksemd det siste året. Han opnar også for eit meir generelt tilsyn med heile barnevernet.

– Vi har kanskje stått fram som snevre i denne saka, det ønsker vi ikkje. No vil vi ha ein gjennomgang og bli evaluert på ein systematisk måte, og eg reknar med vi må justere oss, seier Bang-Olsen til Firda.

Kilde Firda

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Be the first to comment

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*