Heile 240 born bur i fosterheimar i Sogn og Fjordane. Talet har auka og særleg dei siste to åra har fleire barn fått behov for ein annan heim.
– Institusjonsplasseringa har gått noko ned. Vi tenkjer at fosterheim er eit betre alternativ for veldig mange, seier Jørund Tvedt som er einingsleiar for inntak og oppfølging i Sogn og Fjordane Bufetat.
Dei ynskjer at fleire som må bu andre stader enn heime skal få vakse opp i ein vanleg familie.
– Vi har undersøkingar som syner at fosterheim ofte er det beste tiltaket, seier han.
- LES OGSÅ: Rekordmange born i fosterheimar
Familien er fellesnemnaren, ikkje ungane
Det er ein lang prosess frå avgjerda om fosterheim vert teken til den nye heimen er klar. Mange forhold skal undersøkast. Det er kommunane sin jobb. Først når kommunane er ferdige, vender dei seg til Bufetat.
– Det er born i alle aldrar. Det er ofte familien som er kjenneteiknet meir enn ungane. Familien strever, og barnevernet må ta over omsorga for borna og finne eit anna alternativ enn heimen.
- LES OGSÅ: Her får fosterborna alt dei treng
- LES OGSÅ: Fosterheimsborn står utan tilsynsførar
Fleire og fleire ungar treng ein ny stad å bu. Kvart år treng fleire enn 1000 nye barn og unge fosterheim på landsplan. Behovet for fosterheimar aukar med ti prosent kvart år. Det er spesielt behov for fosterheimar til ungdom, og det vert arbeidd målretta med å skaffe nok heimar til desse.
– Kjem auken fordi ungane har det verre enn før, eller blir fleire oppdaga?
– Det er vel begge deler. Vi undrar oss av og til over tala, og prøver å finne ut av samanhengane. Det er samansett, og vanskeleg å peike på ein årsak til ei slik utvikling, seier Tvedt.
Vanskelegast å plassere ungdom
Tvedt fortel at dei ofte må leite for å finne fosterfamiliar.
– Det er viktig for Bufetat at dei som er fosterheimar snakkar positivt om det, og åtte av ti som er fosterheimar anbefaler andre å vere det, fortel Tvedt.
Men dei treng likevel fleire fosterheimar heile tida. Difor ber dei folk som tenkjer på det om å ta kontakt, spesielt dei som vil huse ungdomar.
– Det er lettare å plassere dei som er tre år enn dei som er 13 år, så vi vil veldig gjerne ha kontakt med fosterfamiliar som kan tenke seg ungdomar i huset.
Vi plassere born hjå folk dei kjenner
Det vert stilt krav til dei som vil ta på seg oppgåva som fosterheim. Gjennom eit eige opplæringsprogram vil potensielle fosterforeldre bli kjent med krava.
– Det er alle moglege slags folk som er fosterheimar. Vi treng vanlege familiar, og det er eit stort spekter.
Målet om fosterheimar i staden for institusjonar vil dei strekke seg lenger etter også framover.
– Eit anna satsingsområde er at fosterbarn kan kome til ein familie dei kjenner frå før. Der kan det vere moglegheit for å finne endå fleire fosterfamiliar. Det er omdiskutert, men i mange tilfelle er det ein god ting å kome til nokon ein kjenner, seier Tvedt.
Leave a Reply