Treng barnevernet forsvar?

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

FOTO: STAALE WATTØ
FOTO: STAALE WATTØ

Barneomsorg

Det overraskar meg at Ole Jonny Larsen i eit innlegg i Sunnmørsposten går til angrep på ein menneskerettsorganisasjon som Human Rights Alert – Norway (HRA-N), som er i starten av å danne sorg- og sjølvhjelpsgrupper for hardt råka familiar. Klisjeen hans om at «det er foreldra som tek kontakt med barnevernet» fortel om ansvarsmedvitne foreldre, som vil det beste for borna sine, og tek kontakt med barnevernet i tillit til at dei får hjelp.

Forsking viser at mange av familiane i liten grad får vere med på å planleggje eiga sak. Det er foreldra og borna som sit med førstehandskunnskap om liva sine, og kva som kan føre til betring. Denne kunnskapen må barnevernet høyre på og ta i bruk. Trass i at dei fleste barnevernssakersaker handlar om familiar med vanlege kvardagsproblem, kommuniserer mange tilsette i barnevernet som om sakene skulle handle om graverande mishandling.

Umyndiggjering

Dette fører til unødvendig kontroll og umyndiggjering av familiar. Helsingforskomiteen har laga ein rapport om norsk romani-/taterpolitikk, som er ei vurdering av dei menneskerettslege hovudtrekka i denne politikken. Når eg les historia om korleis dei tre borna til Sofie og Edvin i 1953 vart sette bort, ser eg uretten mot dei som identisk med det som går føre seg i barnevernet i dag. Makta rår!

«Altfor mange barn har det vondt for lenge før noen griper inn»(OJL). Ja, det er vel del av «politikken». HRA-N har lagt merke til «utstillingsborna» til barnevernsystemet som gir barnevernet mykje medieomtale og trykk mot politikarane om å løyve meir pengar. 121.000 born har fått barnevernstiltak (1990- 2005), i følgje NOVA-rapporten til Lars B. Kristofersen. Sjølv om det er ei blanding av tvangsplasseringar og hjelpetiltak, er det store og alvorlege tal. Eg ønskjer ikkje å pynte på tala.

Tvangstiltak

Mange hjelpetiltak er såkalla frivillige tvangstiltak. Om tiltaket ikkje blir akseptert slik barnevernet krev av foreldra, har dei straks ein reell trussel om tvangsplassering.

Boka «Med makt til å krenke» av sosionom Randi Haugland er ei debattbok om dette. Men NÅR får eit barn hjelpetiltak og kva type? Det ser ut til å vere eit mønster før og etter omsorgsovertaking. Foreldra blir skulda for mishandling, sjølv om dei bed om utgreiing av barnet, som har usynlege funksjonshemmingar t.d. ADHD. Mange får heller ikkje hjelpa dei har krav på etter sosialtenestelova, men blir slusa inn til barneverntenesta for å få hjelp.

Men for å vise kor naudsynt ei tvangsplassering er, får nok dei fleste 10.850 tvangsplasserte borna i 2008 mange ulike hjelpetiltak i den offentleg omsorga. Det var registrert 11.750 nye born i barnevern i 2008, omtrent det same som 2007.

Fosterheimar

Eit hjelpetiltak som ikkje har vore snakka så høgt om, er at mange born blir sende frå fosterheimen kvar tredje helg til avlasting. Kjenner desse fosterborna seg inkluderte tru? HRA –N gav eit omfattande høringssvar til barne – og likestillingsdepartementet (BLD) til den reviderte barnevernslova i 2009, sjå på www.hra-n.no. Hausten 2009 uttalte BLD-minister Anniken Huitfeldt, i Brennpunkt, med eit triumferande smil at no har vi laga lovverket slik at foreldre får ikkje born heim etter omsorgsovertaking!

Kari Killen stadfesta til www.sfm.no at berre 25% av barnevernsborna meistra vaksenlivet sitt. Klisjeen din om «at alle forstår kor smerteleg ei omsorgsovertaking er» trur eg ingen utanforståande greier å fatte. Empatien for borna kjem fram i talar når det trengst pengar.

Feiring

Vi har innside-utsegner om feiring med kake og ballongar når ei sak er vunnen. Både born og foreldre er taparar, men barnevernet feirar! Dei store skadane som born vert påførte ved omsorgsplassering, må vurderast opp mot den beste løysinga; å gi hjelpa i heimen og familien.

Rettstryggleiken

Advokat Sverre Kvilhaug informerer om den store risikoen ved «Atskillelse barn og foreldre» i boka der han har samla mykje internasjonal forsking.

«At en tilfeldig sosionom kan bestemme at ei barn skal omplasseres etter eget forgodtbefinnende» (OJL) er faktisk meir sant enn nokon liker å tru.

«Rettferdiggjøring av omsorgsovertakelse» er tittelen på doktoravhandlinga til NOVA-direktør Elisabeth Backe-Hansen, og innhaldet er som ei oppskriftsbok for omsorgsovertaking. Dagblad-kronikken «Rettsløse barn og foreldre» frå 1999 av advokatane Fridtjolv Feydt og Christine Hamborgstrøm er framleis dagsaktuell. På forskning.no kan vi lese om forskingsprosjektet «Utakter» om barnevernspedagogar og sosionomar si utdanninga, som fortel om manglande basale kunnskapar, dugleik og yrkesetiske verdiar.

«De største utaktene ligger i utdanningenes og praksisfeltets ulike syn på hvor viktig fagutøverens personlege, relasjonelle og emosjonelle kompetanse er. Brukerne (barn/biologisk familie) fungerer som forsøkskaniner».

I straffesaker blir born tekne inn til domaravhøyr med bistandsadvokat, men ikkje i barnevernssakene. Ei bekymringsmelding om eit barn til barnevernet endar gjerne som ei «undersøkingssak» i tre månader, og ei graverande sak skulle vise seg innan den tida. Men tilsette i barnevernet uttaler seg stadig om dei «vanskelege sakene», der dei må utvide «undersøkingssaka» til seks månader.

Etter vår erfaring er det då snakk om å konstruere ei sak. Bilete, lyd og videoklipp fortel ofte meir enn tusen ord, men det får ein ikkje leggje fram som bevis i rettssalen. Alt skal «ordnast» i rettsapparatet, trur folk. Men korleis kan ein på ein time i vitneboksa munnleg motbevise og forsvare seg mot skriftlege påstandar i sakspapir frå barnevern, ofte på 80–90 sider.

Maktovergrep

I straffesaker er kontradiksjon sjølvsagt, men fråverande i barnevernssaker. Journalistar får heller ikkje vere til stades i rettssalen. Dei som avgjer sakene, har oftast aldri vore i heimen eller sett barnet.

Bakgrunnen for engasjement mitt kan du lese om i boka mi: «Maktovergrep og justismord», der alle sakspapir er lagde fram. Å få fram dei gode historiene om barnevernet sitt arbeid, ser eg ikkje som mi/hra-n si oppgåve. Det er borna sine opplevingar om overgrep og krenkingar HRA-N vil få fram. FN har i sine rapportar til norske myndigheiter påpeika at alt for mange born er plasserte utanfor heimen.

Publisert: 21.04 2010 i Sunnmøreposten 

BERIT AARSET,

leiar for organisasjonen HRA-N som hjelper offer for barnevernet

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Be the first to comment

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*