Uttalelse angåande barnevernet i Stryn kommune

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Som nær slektning til ein familie som har vore utsett for overgrep frå barnevernet i Stryn kommune, ser eg meg nødt til å skrive om dei opplevelsar eg hadde i forbindelse med den aktuelle saka.

Dette gjaldt ein familie som av ulike grunnar tok kontakt med barnevernet for hjelp i ein vanskeleg situasjon.  I staden for å setje inn hjelpetiltak i heimen, som familien bad om, akuttplasserar dei barna i beredskapsheim.  Dette skjer uten at vi som nær familie på nokon måte vert forespurt om å ivareta barna.
Eg vil påpeike at vi er fleire oppegåande besteforeldre, tanter, onkler og andre som hadde mulighet til å ta oss av barna i den perioden barnevernet måtte ha behov for å gjere undersøkingar i saka.  Og det er vel unødvendig å peike på at ei slik ordning ville vere uproblematisk for barna, i motsetning til det som var tilfelle ved at dei vart plassert hos helt framande og uten mulighet til å forstå kva dette dreia seg om.
Slik eg ser det er det her snakk om grove brot på menneskerettar både i forhold til barn og foreldre samt lov om barnevern.  Familien vart dessuten behandla svært respektlaust av representanten frå barnevernet både i perioden barna var i beredskapsheim og etter at barna vart tilbakeført til familien.   Det er snakk om truslar, falske rapportar og manglande hjelp frå barnevernet si side, rein trakassering med andre ord.
I lys av det som skjer rundt i Norge og Europa håper eg det vert sett søkelys på dei kommunar hvis barnevern opptrer på ein slik måte som i denne saka.
mvh
pårørande som er svært uroa over rettssikkerheita i barnevernsaker i Stryn kommune

Comments

comments

Har du meninger? Send oss din mening. Følg oss på Facebook

Be the first to comment

Leave a Reply

Epostadressen din vil ikke vises.


*